Rita Arhaug

Rita Arhaug

Eg heiter Rita Arhaug og kjem i frå Fosnavåg, ein liten kystby på sunnmøre. Eg jobbar i barnehage og i fritida likar eg å være aktive ute i naturen og utfordre meg sjølv til å prøve nye ting..i fjor blei det bla våttkort, via ferrata, og randonee..eg elskar å være på eventyr rundt om i det vakre landet vårt. Du kan følge meg på instagram @rarhaug

Ritas favoritter

Dame bambull switch crew neck genser frå Tufte

Elskar denne ulltrøya og brukar den masse heile året. Både på tur og i sofaen. Den er god, mjuk og varm, og det beste er at du kan bruke den på begge sider!! Alt etter kor mykje du frys. I aktivitet har eg bambus innerst og når eg stoppar opp snur eg den så eg får ullen innerst. Fargane er fine og tidlause og passforma perfekt, normal i str. Og topp kvalitet. Håpar at Tufte Wear vil lage den med høg hals også!

Dame Willow shorts frå Tufte

Perfekt turshorts med GOD bevegligheit. Akkurat slik eg likar dei. 3 glidelås lommer og stramming i livet for bedre passform, og du kan ha belte på om du vil det. Om du står mellom to str. Så gå ned om du likar at den sit godt på.

Tuftewear almelav sokker

Elskar desse sokkane og ønskar meg fleire. Fine og nøytrale og kjem i fleire fargar. Det beste er at dei pustar så eg slepp å bli klam på føttene etter ein lang tur i fjellet.

Tuftewear Willow bukse til Dame

Dette er turbuksa som har alt! Perfekt passform, god bevegligheit, lett stoff, 3 glidelås lommer, bårrelås stramming i livet og beltehemper. Og det beste er at der er lufting i sidene om du går deg varm!! 

Eg har brukt den i pøsregn, vind og topptur i sunnmørsalpane. Den er ikkje vanntett, så vil anbefale ei regnbukse uttapå om du skal på tur i regnet. Men om det berre er forbigåande regn så tørkar den raskt igjen.Tåler lett yr, og er vindtett. 

Islender ullgenser frå Arctic Circle 

God og varm ullgenser til kaldare dagar. Tidelaust design. Like fin på tur som til dongeri bukse. Litt stiv i starten, men mjuknar til jo meir ein brukar den. Om eg skal trekke ned noko så er det at den kanskje luktar litt saud😅 

Dunjakke dame gul frå Scandinavian Explorer 

Likar denne jakka då den tar liten plass i sekken. Følger med ein liten pose du pakkar den i. Varm og god, som ytterjakke på kalde sommardagar og som mellomlag på kalde vinterdagar. Fin gulfarge og innsving i midja, glidelåslomme på begge sider. Eg brukar str. XS og S, og denne har eg i str. S. Då får eg plass til ein ullgenser under. Savnar stramming på hetta på vindfulle dagar.

Twentyfour Flåm ryggsekk i sort

Denne sekken var mykje bedre enn forventa. Eg er vand med osprey sekk, men denne har mykje bedre lufting mellom rygg og sekk, romsligare plass og det følger med regntrekk i underlomme på sekken!! Så du slepp å tenke på det om det kjem ei regnbyge. Du får lett tak i drikkeflaska i sidelomma sjølv om du har sekken på. Der er hoftebelte og bryststropp, så du slepp at den gnegg på skuldrane. Og der er uttak for drikkeslange på toppen. 

Einaste eg savnar er at det berre er lomme på høgre sida av hoftebeltet og ikkje på venstre. Eg har brukt sekken på varme sommardagar og på topptur i pøsregn og denne passar ypperlig til begge deler. 

Dunvest dame svart scandinavian Explorer 

Nøytral dunvest som passer til alt. Denne brukar eg både på tur og i byen. Følger med liten pose du pakkar den i slik at den tek liten plass i sekken. Veldig fin til å ha uttanpå ullgenser eller trøye når du frys berre litt. 2 glidelåslommer, stramming nede og høg hals. Fin innsving i midja og normal til stor i str. Eg har den både i oransje og svart. Ein stor favoritt!