Rita Arhaug
Eg kjem frå Fosnavåg ein liten kystby på sunnmøre. Eg jobbar i BHG og på fritida likar eg å være aktiv ute i naturen og utfordre meg sjølv til å prøve nye ting. I fjor blei det bla våttkort, via ferrata og randonee. Eg elskar å være på eventyr rundt om i det vakre landet vårt, sjå nye utsikter, få nye opplevelsar og berre nyte naturen, stillheita og roa den gir..
Min ultimate utendørsopplevelse
Det må være ein spektakulær fjelltur med rå utsikt! Eg er heldig som bor sentralt i forhold til Stryn – breear, frodig natur og turkise vatn. Sunnmørsalpane og romsdalen, trolltindar, klatring og spisse fjell. Geiranger med fossar og fjord. Med 1-3t kjøring så blir det ein del besøk til desse plassane i løpet av året. For er du som meg som elskar rå turar og fin utsikt så er desse plassane øverst på lista.
Turtips fra Rita
Skal du på lengre tur så pakk med ull og alværskle og litt ekstra mat. Været skiftar raskt og turen kan fort bli lengre enn kva ein trur. Sjekk ALLTID værmeldinga før du går og under turen. Det er ingen skam og snu! (Powerbank kan være kjekt å ha med) Og det viktigaste “SPORLØS FERDSEL”, husk å ta med alt boss heim, og må du på do så er hundeposar lurt å ha med. Det er ikkje kjekt eller fint å finne ei masse papir, bæsj og boss rundt om i naturen! Tips til turar: Geiranger, Stryn, Sunnmørsalpane, Romsdalen og Herøy.
Testpilot for Mall of Norway
Eg er heldig og får prøve ut klesmerker eg ikkje har prøvd før og finn meg nye favorittar som testpilot for Mall of Norway.
Får prøve ut kva kle som passar til dei forskjellige turane og ved å gi tilbakemeldingar så hjelper eg dei til å bli enda beire. Samtides som eg får vist fram den fine naturen og turmuligheitane vi har i landet vårt.